Ein gong eg i fordums tid var i det store utland, brukte eg av kontant desperasjon ein av desse kommersielle minibankane som gjerne kostar deg skjorta og eit halvt kvitauge i avgifter. Denne hadde ein ny vri: Før eg fekk pengesetlane, måtte eg sjå ein teaser for The Wolf Of Wall Street på den lavoppløyste skjermen. Leonardo DiCaprio strødde desperat om seg med grunkar i ville, utilfredsstillande luksusscener. «More is never enough», laud slagordet. Deretter tok eg mine euro fatt for å vere aktør på den frie marknaden.
I ANIMAL CROSSING: New Horizons skal du på ferietur, trudde du. Overrasking! Sidan du kjøpte Nook Inc. si såkalla aude øy-reisepakke på kreditt, lyt du straks setje i gang med å jobbe for den nusselege og venlege erkekapitalisten Tom Nook sitt kolonisering- og urbaniseringsprosjekt for å nedbetale rekninga på 49800 bjeller. Krona var i djup koronakrise då spelet kom ut 20. mars, så bjelle-krone-raten var ute av proporsjon. Uflaks.
Heldigvis er oligarken av ein kosebamse snill nok til å la deg nedbetale med opptena Nook Miles, men før du veit ordet av det sit du i saksa. Medan du strengt tatt kan vandre rundt og plukke frukt og skjel utan å bruke ei bjelle, blir du bombardert med annonser, salspitch og (ofte ubetalte) jobbtilbod. NookPhonen du fekk med på pakketurkjøpet er ein konstant propagandakanal rett til ditt undermedvitne, og ja, minibanken, som du blir oppmana til å bruke kvar dag – då får du Nook Miles – fungerer òg som postordrekatalog.
I Animal Crossing byrjar dopaminet å flyte straks du gir deg over til forbrukartilværet. Dette er reinspikka indoktrinering, ein kawaii kapitalismesimulator, som ein ven av meg kalla det. Spelet skulle hatt 18-årsgrense, slik som Doom: Eternal.
MEDAN EIN I Final Fantasy VII (som fekk ein forvitneleg remake på PS4 i vår) tar ein del i reaktor-sprengande miljøaktivisme i eit forsøk på å redde planeten frå grådigheit – sjå dokumentaren The Corporation (som får ein sørgjeleg tiltrengt oppfølgjar i september) om du ikkje veit at selskap har sterke psykopatiske trekk – har det i Doom Eternal allereie gått to hersens år sidan det multiplanetariske selskapet Union Aerospace Corporation opna ein portal for å pumpe energi ut or helvetet. Sidan den gong har Jorda blitt infisert av demoniske krefter og 60% av folket blitt utrydda – energien blir visst produsert ved hjelp av masseofring av menneskesjeler, og blant sivilisasjonen sine demoninfiserte ruinar står ei holografisk propagandamaskin og formidlar bodskap som at «the cleansing of Earth is a necessary step to a brighter tomorrow» og «your suffering continues to inspire us!»
LES OGSÅ: «An American Pickle» føles som en sketsj som varer for lenge
I EIT ANNA solsystem, i Outer Worlds, som nylig kom ut til Switch, trer du inn i rolla som romkolonist som blir tina opp litt etter skjema, og medan du gjennom generasjonar låg og drog deg i frysaren, har den nye sivilisasjonen gått inn i eit seinkapitalistisk stadium.
På første planet du lik ein frelsar stig ned til, lyt du velje side – støttar du oligarkiet si omsynslause utnytting av arbeidarane, eller separatistane sitt samfunn basert på likskap og berekraft? Sanneleg eit vanskeleg etisk dilemma, det der. Under dei litt vel lange ladeskjermane kan du gruble over det, eller la deg distrahere av reklamen for all slags nyttig luksus, t.d. lækjemiddel frå «Auntie Cleo’s Auntie-Biotics». Merk: Inneheld skadelege ingrediensar. Auntie Cleo’s er ikkje ansvarleg for finansmessig skade på brukarane sitt fysiske og mentale velvere.
ANTIBIOTIKA BRUKER ein òg i det litterære storverket Pathologic 2, der ein trer ein inn i rolla som lækjar og kirurg, og det på langt meir verdifullt vis enn det fjollete Surgeon Simulator 2, som driv eit harselas med helsearbeid som (ikkje ulikt privatsjukehusforvaltingsspelet Two Point Hospital med si grønkapitalistiske utvidingspakke, Off The Grid) framstår som noko utidig. Du synest kanskje at russiske myndigheiter var raskt ute med å godkjenne «Sputnik»-koronavaksina? Ha! I dette intense overlevingsrollespelet, signert russiske Ice Pick Lodge, har du berre tolv dagar til å finne ein kur.
Handel – nærare bestemt bytehandel – er ein heilag tradisjon i Pathologic si unike verd. Men i kontrast til den kapitalistiske røynda, der annankvar finn-seljar anten er ute etter å selje deg halvvegs øydelagde varer til overpris eller smittevernsutstyr med makaber profittmargin og målet for suksess er egosentrisk forteneste utan omsyn til fellesskap og økosystem, får du her respekt dersom du gir andre ein god deal.
Rett nok kan du fortsatt byte til deg morfin og mirakelkurar mot ein handfull nøtter og ei klinkekule dersom du handlar med småungane – dei har vel ikkje spelt nok Animal Crossing til å skjøne dette med lønsemd.
EG HAR FORTSATT ikkje sett The Wolf Of Wall Street, men her om kvelden gjekk eg innom stua medan The Matrix blei spelt av på TV-apparatet og Agent Smith delte si innsikt: Mennesket, sa han, er ikkje eit pattedyr, men eit virus. Det lev i disharmoni med omgjevnadene sine og spreier seg til alt er øydelagd. Han er ikkje heilt på villspor, men det er ikkje mennesket i seg sjølv som er viruset. Sjukdomen er kapitalismen, der alt handlar om vekst og maksimal profitt og omsynsløyse er vegen til suksess, og det Mark Fisher kalla kapitalistrealisme: Det er enklare å sjå for seg enden på verda enn eit alternativ til kapitalismen.
LES OGSÅ: To gjennomsnittlige skiver som sier mye om LA-rap anno 2020
Kapitalistrealismen er opphavet til doomer-mentaliteten ein ser så mykje av: Trass at koronakrisa og BLM-rørsla syner at marknadskreftene slett ikkje er uunverlege og at ein alternativ samfunnsorden er mogeleg – faktisk heilt naudsynt dersom vi skal ha ei framtid på denne planeten – gir ein seg, heller enn å organisere seg og tenke vidløftige, konstruktive og utopiske tankar, over til deling av forargande clickbaitartiklar og å annonsere at all von er ute på Facebook. Men det er ikkje sant. Kor ille den andre koronabølgja blir er opp til oss.
Om framtida skal ofrast på kapitalismen sitt (for nokre få) komfortable alter, det er òg opp til oss. Hugs uansett å bruke maske i utsette område – både i Pathologic 2 og i røynda.
Denne teksten stod først på trykk i NATT&DAGs september-utgave
The post Animal Crossing burde hatt 18-årsgrense appeared first on NATT&DAG.