Quantcast
Channel: NATT&DAG
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2248

Seriøs skrekk og gru

$
0
0

Selv etter allehelgensaftan er det lov å kople av med grøssarar og andre skrekkelege ting som er mindre skumle enn tida vi lev i. Eit spel ein kan kose seg med for å gløyme alt det horrible som går føre seg i røynda, er Amnesia: Rebirth. Her går ferda for deg og ditt ufødde barn til det koloniale Algerie og ymse sidestilte lag av røynda.

Ok, ok, ok, eg veit kva du tenkjer: Den vestlege kolonialismen er ikkje noko å spøke med. Det er ei grufull, lang og sann soge som dei fleste veit altfor lite om. Men ikkje ulikt måten årets beste tv-serie, Lovecraft Country, skapar medvit om den inntil nylig fordekte rasemassakren i Tulsa i 1921, er Amnesia: Rebirth eit forvitneleg skrekkeksempel på at spel kan vere opplysande og vekkje kunnskapstørsten.

LES OGSÅ: Hvordan ble «Among Us» internetts mest populære spill?

Medan Amnesia: Rebirth sin grenseoppløysande berg-og-dalbane-tur gjennom ytre og indre fasettar av tid og rom er forankra i 1937, går Mafia: Definitive Edition føre seg mellom 1930 og 1938, altså under den store depresjonen, og både under og etter forbodstida. Spelet handsamar mellom anna korleis sosioøkonomisk ulikskap og feilslått ruspolitikk fostrar organisert kriminalitet, og det er underleg korleis kunst- og kulturprodukt, trass lange produksjonsperioder, ofte resonnerer med nylige skift i tidsånda: Den kapitalistiske ordenen er i dag i djup krise, og i Noreg er fordommane mot rus og endra medvit så gamaldagse og feilinformerte at det ikkje ein gong ser ut til at det går an å ta det forsiktige, vesle steget i retning av ein rettferdig og human ruspolitikk som kallast rusreformen.

Brennevinsforbodet i Noreg, derimot, blei oppheva ved folkerøysting i 1927, og i strategispelet Democracy 4 trer du inn i rolla som folkevald president eller statsminister. Spelet er i early access, og så langt er nasjonane USA, Canada, Tyskland, Frankrike og Storbritannia tilgjengelege for regjering. Fokuset er på innanrikspolitikk, og spelmekanikken krinsar rundt høveleg intrikate nettverk av årsak og verknad. Spelet held fram så lenge du klarar å bli attvald og unngår å bli myrda. Slik sett kan det vere freistande å køyre ei populistisk linje, men som utviklaren hevdar, treng ikkje fokuset naudsynt vere å bli sitjande på makta i all æve: «Den eigentlege utmaninga er å byggje eit land du heilt ærleg er stolt av. Eg vonar du kosar deg med forsøket :D»

Der ein i Democracy 4 herskar over nasjonen frå toppen av makthierarkiet, kan ein i Serious Sam 4 drive hierarkifritt samarbeid mellom opp til fire spelarar i kampen for å redde menneskeheita frå vonde, kolonialistiske romvesen. Eg har eit spesielt forhold til denne spelserien, for i røynda samarbeidde eg ein gong med Serious Sam-stemmeskodespelaren John J. Dick. Han leverte stemmearbeidet til eit verk om den utryddingstruga galapagosskjelpadda som blei til den gong då eg var sjøperson og segla på eitt av dei sju hav. Men – stort men – i den same røynda er det diverre slik at menneskeheita (og dei fleste andre som bur på denne planeten, der gjennomsnittleg 150 til 200 artar blir utrydda kvar dag) lyt reddast frå spinnville systemproblem vi sjølv, grunna grådig vestleg kolonialisme og kapitalsvoltne vrangførestillingar om endelaus ekspansjon i ei verd med avgrensa ressursar, har stelt i stand.

Tru til serien sin stil, kjempar du – eller de – deg – eller dykk – gjennom ekspansive områder der uhorvelege mengder fiendar kjem mot deg – eller dykk – i fullt firsprang frå alle kantar. Desse kan ein – eller fleire – få bukt med ved hjelp av eit arsenal som mellom anna inkluderer kanonar (den gamaldagse typen med kanonkuler), ein skurtreskjar og sjølvsagt, sidan ein del av spelet går føre seg i Vatikanstaten, paven sin personlege mecha. La Gud lære dei ei lekse, for å parafrasere superroboten sitt våpensystem.

Pave Frans stod faktisk nyleg fram som antikapitalist. I eit encyklikalsk skriv, det mest høgtidelege uttrykket for paven sitt embete, fordømte han det nyliberalistiske dogmet om økonomisk nedsildringseffekt. Han sa at finanskrisa kring 2008 var ein missa mogelegheit for endring som i stadet produserte auka fridom for dei rike og mektige, og at samfunnet må konfrontere dei destruktive verknadene av pengeimperiet. Paven oppmana til omfordeling av rikdom og rettferdig tilgang til ressursar. Han fordømte populistiske politikarar som appellerer til usle og egoistiske tilbøyelegheiter, omtala rasisme som eit muterande, ofte skjult virus, og oppmana til avskaffing av atomvåpen og dødsstraff.

Er paven katolikk?! Det får ein tru, men han viste seg iallfall å vere ein god sosialist. Ein får håpe at han med dette har starta ein trend, for den egosentriske grådigheita som ligg innbakt i den politiske hovudstraumen sitt konservative og liberalistiske tankegods, har brakt oss inn i seriøs trøbbel her på planeten.

LES OGSÅ: Et forsvar for Joe Rogan

Tre opprørske

Star Wars: Squadrons

Her sit eg altså iført VR-briller i X-wing-cockpiten og suser gjennom verdsrommet medan laserkanonane går for fullt, men av ein eller annan grunn slit eg med å finne knappen for å aktivere mitt eige engasjement. Mystisk. Kan hende gjer ikkje nostalgifaktor susen lenger.

Star Renegades

Medan eg sit der, undrast eg over at mega-konsernet Amazon tilsynelatande synest det er uproblematisk å produsere og distribuere den openbart kapitalismekritiske tv-serieadapsjonen av The Boys og at mega-konsernet Disney produserer og distribuerer Star Wars, der den gode sida er ei revolusjonær (og anarkistisk, i følgje Squadrons) opprørsgruppe som kjempar mot eit undertrykkande imperium.

Uansett, i den turbaserte rouge-lite-indie-RPGen Star Renegades tar du del i ein revolusjonær kamp mot eit undertrykkande, galaktisk imperium. Dette er romopprør med stil, og det er bra å ha sin egen stil. (Gry «J-Diva» Jannicke Jarlum, 1981.)

They Came From A Communist Planet

Du lev eit tomt og håplaust liv. Så kjem UFOar frå ein kommunistisk planet og lærer folket om solidaritet og motstand. Ruter knusast og det taggast på betongveggar. Huff, at spel har blitt så grufulle og valdelege. Det er ikkje ein gong finansiert av Disney eller Amazon, Google eller Facebook, noko så uetisk og forferdelig. Og så er det gratis attpåtil, korleis skal dette gå?

The post Seriøs skrekk og gru appeared first on NATT&DAG.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2248


<script src="https://jsc.adskeeper.com/r/s/rssing.com.1596347.js" async> </script>